Referat frå styremøte måndag 2.10.06.

Stad: Innandørsbana.



Desse møtte: Sissel A. Stamnes Rambjørg, Jenny N. W. Nordal, Lars Magnus Neverdal, Jan S. Høsteland og Jørgen Virkesdal.


Sak 23/06. Skriv og meldingar.



a.     Dugleiksmerke 2006 vart skote av 5 vaksne og 14 rekrutteringsskyttarar.



b.     Samlagsstemna i Balestrand.



Frode Solheim, Håkon Høsteland og Alexander Virkesdal vart meistrar frå Nyborg. Lagskytinga på 200m vann Nyborg.



c.      Fylkesbankcupfinale - Leikanger.



Håkon Høsteland skaut 350p og vart vinnar. Alexander Virkesdal vart nr. 2 i rekrutt.



d.     Kort økonomisk oversikt. Me har pr. dato kr.86.000 i banken.



e.      Landsskyttarstemnet 2006- tilbakemelding.



Me hadde det kjekt. Håkon skaut 250 poeng med 21 innertiarar og var nr. 3 etter innleiinga. Totalt var me 8 stk i Målselv og 4 deltok.



f.       Tilskot frå Frifond.



Me fekk kr. 10.000 og rekrutt rifle er kjøpt inn.



Rapport med rekneskapskvitteringar skal sendast.



g.     Lotteri rekneskap.



Rekneskapet er sendt.



h.     Innadørsbana er klar til bruk og nokre våpen er pussa. Det må dugnad til for å reingjere bana skikkeleg. Sissel og Turid bonar golvet. Ron og Trond pussar geværa. Jørgen og Lars M. ordnar kulefanget.



i.       Heimeside er tinga gjennom DFS. Jørgen arbeider med å systematisere stoff som han skal leggje ut på heimesida. Ove har sendt over stoff frå den gamle sida. Nyborg skyttarlag %96 eigen e-post adresse gjennom DFS.



Adressa er: nyborg@skytterlag.no



j.       HV - Kasunen på skytebana har me overteke nøklane og me lagrar jaktammunisjon der. Me ventar enno på skriftleg svar.



k.     Gulen Jeger og Sportsfiskar lag. Framlegg: Gulen Jeger og Sportsfiskarlag betalar ein fast sum kvart år 1/3 basert på telefon, straum og forsikringsutgifter. Summen skal justerast etter 5 år.



l.       Skytebana og opplegg for 4H leiren- tilbakemelding.



m.  Hjorteprøve 2006 - kort tilbakemelding.


n.     Skyttarhuset er utleigd til konfirmasjon 1. pinsedag 27. mai.



o.     Ladeutstyr - lading på skytebana.



p.    DFS - landslotteri.



q.     Søkje DFS om ammunisjonssubsidiar. Formann og ammunisjonsforvaltar ordnar dette.



r.      2. juledag -06. Leiar kontaktar Dalsøyra Vel vedr. Evt. dans denne kvelden. Skyttarlaget er usikker på om me skal arrangere denne kvelden. Leiar kontaktar arrangement nemnda for å få inn syn på saka.



s.      Banetilsyn innandørsbana. Bana er skyteklar, men Lars M og Jørgen tek nødvendig vedlikehald før årleg styregodkjenning av bana.



t.       Nyborg skyttarlag skipa til skuleskyting. Dalsøyra skule vart nr. 1  i skoleskyting med 100 % deltaking. Nordbygda vart nr. 14  med poengsummen 708 og Dalsøyra nr. 17 med 700 poeng.



u.     Hurtigladar kal. 22 er innkjøpt til skyttarlaget.


Sak 24/06 . Stemneplan 2007.



-         Innadørsstemne før jul. Me prøver å få til ei lokal innadørsstemne i slutten av november.



-         Nyborgstemna min. Tidspunkt ca. 27.1.07.



-         Morsdagskakelotteri trekking 10.2.06.



-         Skytingens Dag sundag 20. mai.



-         Nyborgstemna bane Dato i (5.-6. mai) om lag som i år.



-         Landsdelskrinsstemna bane truleg 9.-10.6.07. Samarbeid med Gula som tek Landsdelskrinsstemna i felt.



Sak 25/06.  Vedlikehald av skytebana ute.


Skivene  må takast ned i grava og må ut av stativa og forsvarleg i vinter. Noko vedlikehald må utførast. Jørgen, Lars Magnus og Jan Steinar tek ned skivene.

Vedlikehalde standplass-taka: Ikkje utført i år heller.

Fullføre maling av skyttarhus: Ikkje utført i år heller.

Kledning standplassar.

Skyttarhuset: Her står det noko igjen som må utførast. Enno ikkje utført. Formannen har rydda bort skog ved vegen slik at den ikkje røtar seg/gjer skade på asfalten.

Arve og Lars Magnus presenterer eit opplegg for korleis me skal gripe tak i nødvendig vedlikehald på bana. Bana må oppgraderast før banesesongen startar.


Sak 26/06. Plan for innadørssesongen 06/07.

Framlegg:

a.     Ungdomstrening:

Fredagar kl. 17.00 Ansvarlege: Ungdomsutvalet+foreldre.

Oppstarten var 17.09

Jan Steinar har sett ei ansvarsliste med 2 føresette kvar treningskveld.

b.    Voksne: Tirsdagar kl. 20.30: Ans. F. Solheim/J. Virkesdal  lagar ei ansvarsliste .

c.      Voksne fredagar kl. 19.00 Ansvarlege: Trond G  Oppstart dato ikkje bestemt.

d.     Dameskyting. Her må me undersøkje interessa. Det kan bli aktuelt med skyting i forkant av skytinga på tysdag.

d.. Bedriftsskyting.

Tiltaket er godt, men svakt oppmøte på premieutdeling Skytingens Dag, samt at for få i laget tek ansvar for arrangementet, gjer at denne skytinga vert utsett inntil vidare. Me kan vurdere eit mindre opplegg denne sesongen.


Sak 27/06. Årsmøte 2006

Undernemndene må sende inn årsmelding til formannen. Valkomiteen må starte arbeidet.

Tid: Tirsdag 24.10. kl. 19.30.

Stad: Innadørsbana.


Saker: Årsmelding - Rekneskap - Val - Medlemskontigent - Premieutdeling /Årets skyttar 2006. Evt innkomne saker.


Sak 28/06. Medlemskontingent 2007.


Framlegg til årsmøte:

Vaksne aktive/Jegerar                                                          kr. 200,-

Rekruttskyttar m/føresette                                          kr. 100,-

Støttemedlem:                                                             kr. 100,-


Sak 29/06. Landsdelskrinsstemna i bane 2007.

Dette er ei stor stemne som lyt planleggjast godt.


Sak 30/06.  Innkjøp av 1 rekruttrifle Anschutz.

Skyttarlaget forskoterer er rekruttrifle av typen anschutz. Det vert søkt tilskot frå Frifond etter nyttår.



Sak 31/06. Korrespondanseskyting Sogn Ytre 2007.

Nyborg melder på 2 lag i kl. R/J og  1 i klasse 2-5.


Møtet slutt


Jørgen Virkesdal                  Jan S. Høsteland         Jenny N.W. Nordal


Sissel A. S. Rambjørg Lars Magnus Neverdal


Årsmøte 26.10.23

Årsmøte 27.10.22

Årsmøtereferat 2019

Årsmøtereferat 2018

Referat årsmøte 23.10.2015

Årets skyttar og NM medaljer

Referat årsmøte 2013

Årsmøte 2011-referat

Referat årsmøte 2010

Referat styremøter 2010

Referat årsmøte Nyborg 2009

Jaktprøven og trening 2009

Referat utvida styremøte 11.5.09

Referat styremøte 7.4. 2009

Vaktliste 100m- fredagar

Organisering av Nyborgstemna 2-3.mai

Støtt Nyborg - Grasrotandel

Vaktliste innandørs 2009

Referat årsmøte 24.10.08

Vaktliste trening 2008

Trening og skyteprøve for storviltjærgrar 2008

Referat frå årsmøte 2007.

Organisering landsdelskrinsstemne 9.-10.6

Trening og skyteprøve for storviltjægrar 2007.

Referat styremøte 15.1.2007

Innandørs-vaktliste.

Nyborg skyttarlag org.nr 984 410 077

Nyborg sk.lag Kontonr. 3817.20.08663

Årsmøtereferat 2006.

Referat frå styremøte måndag 2.10.06.

Referat frå i Nyborg skyttarlag 29.3.06

Kjøp og Salg

Bli medlem !