Utvida styremøte 11.05.09 i samband med vestlandstemna.
Desse møtte på Tjørneleitet:
Styret: Jo Helge Baarøy, Sissel R Stamnes og Jørgen Virkesdal.
Arrangement nemnda. Knut Lihaug og Bodil Baarøy.
Sak 1. Innkjøp av elektroniske skiver.
Vedtak: Ein kjøper inn 2 stk. skiver med motorframtrekk på 100m slik at me får 8 skiver. På 200m kjøper ein inn to skiver, slik at ein har 12 skiver. Det er og kjøpt inn 10 gummiband og det bør og vurderast om det må nye band på 100m. Ein bør på sikt også få monitorar til desse skivene og til elgskiva. Ein søkjer om stønad til prosjektet.
Sak 2 Vestlandstemna- gjennomgang.
a. Mannskapsliste.
Det er sendt ut skriv og 4 personar har meldt avbud.
Sissel og Jenny finn ut om alle kan stille.
b. Mat.
Me satsar på pappbeger, papptallerkar, plastbestikk.
Bodil undersøkjer rimelige innkjøp av kjøt, pølse og diverse papp/plastbestikk, dopapir og tørkepapir.
Speketallerken, grillmat og vanleg middag skal me ha.
Ein satsar på vanleg kjøkken inne og grilling ute.
Ein kjøper inn brus og 10 pk. med isar og anna lokalt.
Ein må ha litt frukt og grønt, for ein får tilskot.
Bodil tek kontakt med Kari-Lise og Marie H. og finn ut kva som er kjøpt inn på tidlegare stemne.
Det bør settast opp f.eks yngre skyttarar som tømmer boss og kontrollerer om det er papir på toaletta.
Gratis kaffi og halvpris på mat for alle som arbeider på stemnet.
c. Telt.
Me må ha omkledingstelt og eit grill-telt.
d. Elektrikar - dette må ordnast
Straum HV-hus.
Varmepumpe lage kontakt.
Kjølerom. Magnus Haveland skal ordne dette.
Data %96 byte ut elektronikk del på standplassane.
Sette opp gravskap nr. 2 på 200 m.
e. Data.
Fire nye skiver må opp.
Alle kort i skivene må kontrollerast.
Frontar må skjekkast. Av Trond G.
Kontrollere at motorframtrekk fungerer. Ta ned skivene på 100m.
Oppgradere elektronikk alle monitorar og skiver.
Stang.
Standplass må opparbeidast. Stangfigurar kan me få låne av Oppedal. Det må lagast bakgrunn for figurane.
Det kan og vurderast om me kan løyse dette trådlaust %96 elgskiva og ein annan trådlaus skive i terrenget. Då må standplass vere på veg mot gravene.
Felthurtig -
Figurar må kontrollerast, smørjast og malast.
Standplass og liggjeunderlag må vere bra.
Graving.
Grave ned straumleidning i 32mm røyr frå HV bua
Grave fram septiktankar slik at Johny Birkeland får tømt dei.
Opparbeide parkeringsplassar langs vegen. Arve tek seg av dette.
Pynte anlegget med gravemaskin og sjå om ein kan få fleire parkeringsplassar.
Male skyttarhus og standplassar.
Det er kjøpt inn 20 l maling.
Male bommen- Jo Helge har ansvar for dette.
Ordne hus.
Påmeldingsluke er laga. Det må listast og gjerast litt snikkararbeid.
Data.
Me må ha 3 projektorar for visning; to i salen og ein ute. Me må låne inn nokre datamaskiner..
Speaker anlegg er kontrollert og i orden.
Premiar.
Jenny N og Jørgen skal ordne dette.
Medaljer har Erling Eriksen i Hordakrinsen
Overnatting ved skulen.
Bruke dusjar og vestibyle m/toalett. Ta straum frå samfunnshuset.
Rydde skog.
Asbjørn Neverdal og Ron Overdevest ryddar skog.
Rune Virkesdal ordnar gravkantane.
Sigurd Eggum ordnar vindvimplar.
Vollane må kontrollerast og styret må gjere nødvendig tilsyn.
Jury.
Denne må på plass.
Påmeldinga går ut 20.mai og dugnader.
Stemna vert laga til på data og personane innlagt. Ein vonar at 8 skiver på 100m og 12 skiver på 200m er ok. Det må organiserast fleire dugnader på bana.
Møtet slutt
Jørgen Virkesdal, skrivar
|