Korrespondanseskyting i miniatyr 2014. Sogn Ytre Skyttarsamlag Arrangør/ansvarlig: Gula skyttarlag. Gula skyttarlag ber med dette laga i Sogn Ytre skyttarsamlag om å melde seg på til korrespondanseskytinga i miniatyr 2014. Håpar spesielt på bra påmelding i rekrutteringsklassane/veteran. Opplegget har etter vedtak på ombodsmøtet i 2009 vore vurdert av ei nemnd beståande av Jørgen, Vidar og Kåre. Nemnda vart einige om at me har same opplegg som før. Sjå vedlagt reglement. Dette ligg og inne på nettsida til Sogn Ytre. Kvart skyttarlag må oppgje ein kontaktperson med telefonnummer og E-post. Påmeldingsavgifta er sett til kr. 300 pr. lag ( kr. 250 når det blir brukt elektroniske skiver ). Lag som har teke i bruk elektroniske skiver sidan forrige sesong må gje beskjed ved påmelding. Påmeldingsavgifta skal innbetalast til kontonr. 3817.30.08241. Rundeoppsett blir sendt til laga sin e-postadresse og skiver blir utdelt på ombodsmøtet. Påmeldinga må vere Gula skyttarlag i hende innan 31.12.13. Påmeldinga kan gjerast til Gula@skytterlag.no eller tlf Roar Elnes tlf 41685260 Me håpar at alle som kan det, nyttar E-post. Enten det einskilde laget si E-post adresse, eller ein kontaktperson i laget med E-post adresse. Dette vil gjere arbeidet for arrangørlaget enklare. Eivindvik 26.12.13 Roar Elnes -leiar- Vedlegg: Reglement korrespondanseskyting i miniatyr Sogn Ytre skyttarsamlag.