Medlemskap kostar kr. 200 for rekrutteringsskyttarar og kr. 400,- for vaksne. Medlemane har tilgang til å trene på innadørsbana i Dalsøyra skule og på vår utandørsbane på Tjørneleitet over Undal Tunnel. Laget har eigne lagsvåpen og me har god tradisjon for å subsidere skot, særleg til dei yngste. Medlemar må gje opp fødselsnr, nøyaktig adresse og gjeren epostadresse og mobil. Medlemar vil då få eit skyttarnr. og dei kan logge seg inn på https://www.dfs.no/ og Mitt dfs. Nyborg skyttarlag har og eiga facebookgruppe. Kontakt oss på epost: nyborg@skytterlag.no
|