Landsdelskretsstemner felt og bane i Gulen 2007.
Gula og Nyborg skyttarlag inviterer til landsdelskretsstemner i feltskyting i Eivindvik og baneskyting på Nyborg skytebane 9.-10. juni. Arrangørane skyt bane på torsdag og felt på fredag. Ved ledig plass, kan også andre få skyte desse dagane.
Påmelding - felles for begge stemnene:
Nyborg/Gula: skytestevne.no
Opprop felt er for alle 2 timar etter start bane.
Påmelding er open frå 10. mai til 28. mai.
Alle innleiande skyting er ferdig på laurdag. Sundagen er sett av til finalar på Nyborg i felt (kl. 09.30), samlagsskytingar (kl. 11.30 og banefinalar (kl. 13.30).
Innskot:
Bane: Klasse 1-5/Veteranar : kr. 120,- Arr. kr 60,- Premiar 60,-
Jun/ER/R : kr. 80,- Arr. kr 40,- Premiar 40,-
Samlagsskyting bane: kr. 100,- pr. lag.
Kvart samlag kan stille med to lag i kvar av dei tre samlags klassane:
Veteran (55-65-73) R/ER/J Kl. 2-5.
Felt: Klasse 1-5/Veteranar : kr. 120,- Arr. kr 60,- Premiar 60,-
Jun/ER/R : kr. 80,- Arr. kr 40,- Premiar 40,-
Stang : kr. 30,- Arr.15,- Premiar 15,-
Felthurtig : kr. 30,- Arr.15,- Premiar 15,-
Ingen førehandspåmelding på stang og felthurtigskyting.
Medaljer og premiering i samsvar med reglement for Landsdelsskrinsstemne og skyteboka.
Servering: Sal av middag m.m på begge stemnene.
Gåvepremie:
Me vonar at alle lag og samlag med deltakarar på stemnene vil gje oss gåvepremie.
Nyborg kontonr: 3817 20 08663 Gula kontonr: 3817.30.08241
Overnatting:
Det vert laga til skyttarcamp og elles sjå liste over overnattingsstadar:
Heimeside overnattingstadar i Gulen: http://www.jensbua.no/Ytre.html
Eivindvik Fjordhotell : http://www.eivindvik-fjordhotell.noTelefon57784310
Brekkestranda Fjordhotell: http://www.brekkestranda.noTelefon 57785500
Botnen Camping Telefon 57785471
Nautesund Camping (Masfjorden) Telefon 56367044
Solodden Hyttegrend, Eivindvik: Telefon 93093787
Dingen Ferie og Fritid Telefon 57784844
Kontakttelefon stemnene:
Jørgen Virkesdal 97633174 eller Hall Midthun 91775067
Vel møtt til landsdelskrinsstemnene i felt og bane!
Gula skyttarlag/Hall Midthun, leiar Nyborg skyttarlag/Jørgen Virkesdal ,leiar
|