Nyborgstemna i miniatyr 2008.
Nyborg skyttarlag innbyr til Nyborgstemna i miniatyrskyting laurdag den 26. januar som vert arrangert i innandørsbana vår i Dalsøyra skule frå kl. 09.00. Arrangøren har rett til å skyte torsdag og fredag. Stemna er open for alle klassar.
Program:
Ein skyt vanleg DFS program på 6 elektroniske skiver.
Premiering:
Kl. 2-5 , 1 gylt og ei sølv medalje.
Premiering elles etter skyteboka.
Alle aspirantar/(rekrutt m/støtte) får premie.
Gåvepremiar:
Me er takksame for nokre pengar i gåvepremie:
Kontonummer: 3817 20 08663
Påmelding:www.skytestevne.no
eller onsdag 23.1 mellom kl. 21-22.00 på telefon 97633174
Stemnetelefon 97633174
Innskot:
Kl. 1-5/V55 kr. 100,- Arr. 50,-
Rekr. Klassane/Asp kr. 50,- Arr. 25,-
Det vert som vanleg høve å få kjøpt mat og kaffi.
Det vert vising på storskjerm.
Velkommen til Dalsøyra og Nyborgstemna i miniatyrskyting 2008.
For Nyborg skyttarlag
Jørgen Virkesdal
|