Til samlaga i Vestlandskrinsen.
Oversyn over lag til samlagsskyting på Vestlandstemna.
Nyborg skyttarlag ynskjer å få eit oversyn over kor mange lag samlaga stiller med i kvar av dei tre klassane. Erfaring syner at dette og kan vere greitt for samlaga, slik at alle skyttarane veit at dei skal stille på samlagskyting. Det er og greitt for samlaga å prøve fleire folk med tanke på LS på Evje.
Det er lov å stille med to lag i kvar klasse og det kostar symbolske kr. 100,- pr. lag.
Fint om samlaga arbeider i forkant og førebur skyttarane til denne skytinga. Start samlagskyting er sundag kl. 09.30.
Klasse veteran (Lag 1 og lag 2)
Klasse R-ER-J (Lag 1 og 2)
Klasse 1-5 (Lag 1 og 2).
Har samlaga laga klare kan de berre sende dei med namn og klasse, og så kan de justere dei på stemna.
Med helsing
Nyborg skyttarlag
Jørgen Virkesdal, leiar.
|