Samlagsstemna i feltskyting 2009
På vegne av Sogn Ytre skyttarsamlag byr Lavikdal skyttarlag med dette inn til
samlagsstemna i feltskyting på Lavikdal sundag 19. april.
Påmelding i ungdomshuset på Øvre Lavikdal (slik som sist).
Arrangøren føreheld seg retten til å skyte på laurdag.
Det vert ikkje stang- og felthurtigskyting.
Innskot: Kl. 1-5, AG3 og veteran kr 100.- (herav kr 50.- i arr.avg.)
Kl. Asp, R, ER og J kr 50.- (herav kr 25.- i arr.avg.)
Det vert innskytingshold på 100 m for alle klassar.
Premiering:
Medaljer senior:
1 gylt - 1 sølv - 1 bronse i kl. 2 - 5
1 gylt i fylgjande klasser:
Kl. 1, V55, V65, V73.
Kl. V55 kan skyte om meisterskapet i senior, men kan ikkje få meir enn 1 medalje.
Medaljer rekruttklassane: sjå skyteboka.
Lagskyting grovfelt: 3 skyttarar frå kvart lag på 30-skoten (Dei 3 beste frå
kvart lag).
Vandrepokal på lagskytinga oppsett av samlaget. Må vinnast 3 gonger.
Premiering på 30-skoten blir etter skyteboka.
Arrangøren vonar at alle lag kan støtte stemna med ein gåvepremie som kan
innbetalast saman med arr.avg. til kontonr. 3835 07 01025.
Vedlagt påmeldingsskjema må vere undertegna i hende innan mandag 13. april.
Det vert sal av mat og drikke i ungdomshuset.
Kontaktperson for stemna er Kåre Bjørkhaug, telefon 473 92 302 eller
E-post: kaare.bjorkhaug@c2i.net.
Vel møtt !
Lavikdal skyttarlag
v/Kåre Bjørkhaug